Supernytt
AFP/Ishara S.KODIKARA

Boko Haram har fortsatt jentene

I april vart 270 skulejenter bortførte av terrorgruppa Boko Haram. Emneknaggen #BringBackOurGirls gjekk verda rundt, og ressursar vart sette inn i leitinga. Fem månader seinare er framleis ikkje marerittet over.

Kva har eigentleg blitt gjort for å få jentene tilbake?

Det var mørkt ute og jentene på internatskulen vakna til lyden av skotsalver. Då dei såg menn i kamuflasjekledde uniformer trudde dei at soldatane hadde kome for å redde dei. Men det skulle fort vise seg at mennene hadde ein annan plan.

270 skulejenter vart kidnappa av Boko Haram-soldatane som kom til jenteskulen den natta for fem månader sidan. Dei første dagane etter kidnappinga klarte 57 av jentene å flykte, men resten er framleis i Boko Haram si varetekt.

USA, Canada, Tsjad, Frankrike, Israel og Storbritannia har alle sendt spesialstyrkar for å frigjere jentene, utan hell.

I Nigeria har det lenge pågått ein diskusjon om kva som må og bør gjerast for å hjelpe jentene. Nigeria har sett inn nokre militære styrker for å forsøke å stoppe Boko Haram, utan særleg suksess. 

Mange arbeider enno med å få jentene fri frå terroristane.

Denne artikkelen ble først lagt ut på nrk.no.  Den er skrevet av Vegard Tjørhom.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!