Supernytt

Leikepatrulje skal hindre mobbing

I Ålesund får over 500 elevar opplæring i å leike seg i skulegarden.

Målet er å få fleire med i leiken slik at det blir mindre krangling og erting i friminutta.

Julia Eiken er ein av leiarane i Leikepatruljen.

– Eg trur at det er bra at vi har Leikepatruljen. Vi får eit betre miljø og mindre krangling, seier tiåringen.

Femteklassingen Julia Eiken er glad for å vere med på Leikepatruljen. Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Femteklassingen Julia Eiken er glad for å vere med på Leikepatruljen.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Prosjektleiar i Leikepatruljen, Stig Johansen, vil at ideen skal spreie seg til resten av landet.

– Ideen er at ein skal skape aktivitet, og få med elevar som ofte går åleine, seier han.

Stig Johansen er prosjektleiar for Leikepatruljen. Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Stig Johansen er prosjektleiar for Leikepatruljen.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alle med i leiken

Femteklassingen Joakim Aarseth trur også at Leikepatruljen vil bidra til mindre mobbing.

– Eg trur at det gjer at alle får bli med i leiken.

Joakim Aarseth trur at Leikepatruljen vil føre til mindre mobbing i skulegarden. Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Joakim Aarseth trur at Leikepatruljen vil føre til mindre mobbing i skulegarden.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!