Supernytt

Frydar seg over årets første hauststorm

Ålesundarane frydar seg over årets første hauststorm. Fredag morgon fekk vestlendingane smake kraftig vind og tette regnbyer etter tidenes sommar.

Det er varsla store nedbørsmengder over heile Vestlandet dei neste dagane. Allereie fredag skapte vinden problem for fotgjengarar i Ålesund, og regnvêret gjorde mange søkkblaute for første gong denne hausten.

Men mange tok det med stor ro, enkelte til og med med glede. Etter ein uvanleg varm og langvarig sommar er mange kjempefornøgde med at årstida no skiftar.

Vrengt paraply

Paraplyen til sveitsiske Janine Herren hadde ingen sjanse mot vinden i Ålesund sentrum fredag. Han vrengde seg tallause gongar, men Herren klagar ikkje.

– Det er ei oppleving å gå til kontoret no, smiler ho.

– Eg er ikkje vand med så mykje vind og regn, så eg syns det er interessant, seier ho før ho hastar vidare til jobb med våte bukser.

Artikkelen vart først publisert på nrk.no og er skrevet av Synnøve Hole.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!