Supernytt

Vil læra spansk grunna ferie

Spansk har vorte det mest populære språkfaget i ungdomsskulen. Elevane seier det er fordi dei vil kunne prata med andre når dei er på ferie. 

Du er ikkje nødt til å velje språkfag på ungdomsskulen, men nesten 8 av 10 gjer det likevel. Ei ny undersøking syner at nesten alle som vel spansk gjer det fordi det vil hjelpa dei når dei er på ferie.

Debora Carrai, som har laga undersøkinga, fortel kva som er dei ulike grunnane til at elevane vel dei ulike språka. Franskelevane likar lyden av språket. Tyskelevane trur dei vil få bruk for tysk når dei byrjar i jobb. Spanskelevane vil kunne prata med mennesker frå andre kulturar.

Jenter vel spansk

Det er òg store skilnader mellom kva jenter og gutar vel som fordjupningsspråk. I spansk - og franskklassane er det overvekt av jenter, medan det er flest gutar som vel tysk. Dette trur Carrai skuldast karakterskiljet mellom gutar og jenter. Gutar har i snitt dårlegare karakterer enn jenter, og spansk krev ofte eit høgare karaktersnitt enn tysk.

Kjelde: Forskning.no

Frammanspråk
  • * 99 prosent av elevane i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring som har frammandspråk, fylgjer undervisning i fransk, spansk eller tysk.
  • * 35 prosent vel spansk, 27 prosent tysk og 14 prosent fransk (2012/2013)
  • * Fransk har fått færre elevar dei siste åra.
  • * Spansk kom fyrst på moten i 2006.
  • Kjelde: Fremmedspråksenteret/forskning.no

 

 

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!