Supernytt

Fann nål i sjokoladenisse

Ikkje alle lukene i Tonje Marie sin julekalender var like bra.

11 åringen frå Trondheim  fekk seg ei overrasking då ho skulle kosa seg med ein sjokolade frå julekalendaren sin i går. Då ho tok ein bit av sjokoladenissen, oppdaga ho at det låg ei nål inni nissen.

- Takk og pris for at ho ikkje jafsa i seg heile biten på ein gong, seier mamma Anette.

Kalenderen var pakka inn i plast, og sjølve sjokoladenissen var pakka i folie. Anette trur difor nåla må ha funne vegen inn i sjokoladen når sjokoladen vart laga.

-Tek saka alvorleg

Dei som lagar kalenderen seier dei prøver å finna ut kva som har skjedd, og legg til at dei tek saka alvorleg.

Tonje Marie er ikkje sint på produsenten, men er oppteken av at ikkje andre born skal finna liknande ting i sin kalender. Også vil ho nok sjekka nøye neste gong ho skal eta godteri, trur mamma Anette.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!