Supernytt

Tapte så det suste

Noreg fekk juling i kampen mot Ungarn i går, og fekk sitt fyrste tap i EM.

- Me rakna dei siste fem minuttane i fyrsteomgang, seier landslagtrenar Thorir Hergeirsson.

Men han er ikkje bekymra. Noreg var sikra semifinale allereie før gårsdagens kamp. Kampen mot Ungarn spelte difor ikkje stor rolle for dei norske jentene.

Noreg har vore ein av dei handballnasjonane som har vunne mest på kvinnesida sidan 1986, og jentene har tru på at dei vil gjera det godt også i dette meisterskapet.

På fredag ventar Sverige i semifinalen. Vinn dei den, er dei klare for finale på søndag.

- Sverige blir tøft, dei har eit betre lag enn på lenge. Men sjansen for finale er veldig stor, seier landslagsspelar Nora Mørk.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!