Supernytt

Ny musikk frå Justin Bieber – med sonen til Michael Jackson?

Rykta svirrar om eit musikalsk samarbeid mellom Bieber og Prince Jackson, den 17 år gamle sonen til Michael Jackson.

Ei amerikansk nettside, Page Six, har kjelder som seier at gutane har vore mykje saman i det siste.  Mykje av tida har gått til festing på forskjellige plassar i Hollywood, men dei skal også ha vore i musikkstudio saman.

Det er to og eit halvt år sidan Bieber sitt siste ordentlige album, Believe, vart utgitt i 2013, men no tydar altså det meste på at det kjem ny musikk frå Bieber i løpet av dette året.

Så får vi berre vente i spaning om vi i same slengen får høyre ein duett mellom Bieber og Prince Jackson.

Artikkelen er frå p3.no, og er skriven av Gisle A. Gjevestad Agledahl.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!