Supernytt
I august stengde myndigheitene i Liberia alle skular i landet. om nokre få veker kan Bassa High school og alle dei andre opne igjen.

Opnar ebola-stengde skular

Skulane i Liberia har vore stengde sidan august i fjor, på grunn ebola. Men når semesteret i Liberia startar igjen i februar, kan dei endeleg opne igjen.

Det var utdanningsdepartementet, altså dei som styrer skulane, som denne veka kunne kome med gladnyhenda.

Samtidig opnar også fotballforbundet i Liberia for at dei no kan spele fotballkampar igjen.

Då ebola herja som verst kunne det nemleg vere farleg å sitje saman i grupper, slik ein gjer i klasserom eller på fotballkampar. Dette fordi ebola kan smitte gjennom direkte kroppskontakt.

I september var smittefaren så ille at Liberia innførte portforbod. Det vil seie at folk ikkje fekk lov til å vere utandørs til gitte tider.

1. januar kunne myndigheitene endeleg ta vekk dette portforbodet. Dette kan dei gjere fordi dei no føler dei har såpass kontroll på spreiinga av ebola-viruset.

Dei ber likevel innbyggjarane i Liberia om å fortsette vere forsiktige med kroppskontakt, for å minimere smittefaren.

Artikkelen er frå nrk.no, og skriven av Kristian Aanensen.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!