Supernytt

Draketrenaren 2 vann pris

I natt vann Draketrenaren 2 ein gjev pris under årets Golden Globe-utdeling.

Golden Globe er ein amerikansk film- og TV-pris, der filmar, TV-seriar og skodespelarar får utdelt prisar i forskjellige kategoriar.

Draketrenaren 2 var nominert i kategorien for beste animasjonsfilm, og vann dermed over filmane Big Hero 6, Manolos magiske reise, Bokstrolla og Legofilmen.

Filmen er den andre av tre filmar om høvdingsonen Hikken, og hans eventyr med draken Tannlaus.

Høyrer du nøye etter i filmen, kjenner du kanskje igjen stemma til Alexander Rybak som Hikken.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!