Supernytt

Ikkje kast bæsjeposen i naturen

Det er ikkje berre stygt og irriterande med posar med hundebæsj i naturen, det er også skadeleg for miljøet.

Folk som ikkje kastar bæsjeposen i søppeldunken kan gjere stor skade, fortel Håkon Lindahl. Han er rådgjevar i ein organisasjon som heiter Framtiden i våre hender, der dei mellom anna er opptatt av miljøvern.

– Ei plastpose kan bli verande i naturen veldig lenge. Faktisk kan det ta 10 til 20 år før den rotnar og blir ein del av naturen igjen.

Og heller ikkje då er problemet heilt borte. Plastposen blir nemleg brote ned til knøttsmå plastbitar, som kan ende opp i havet. Der fortsett det å vere eit stort forureiningsproblem.

– Det er generelt en veldig dum ting å kaste plast i naturen, seier Lindahl.

Dersom du absolutt ikkje har moglegheiter til å kaste posen i ein søppeldunk, er det kanskje betre å berre la bæsjen ligge. Den rotnar nemleg mykje raskare utan pose enn med.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Hilde Erlingsen.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!