Supernytt

Fotballtalent trenar for mykje

Forskarar har kome fram til at norske fotballtalent trenar for mykje. Dette kan hindre unge spelarar i å utvikle talentet sitt, ved at dei vert skada og mistar motivasjonen før dei skal gå over til seniorfotball.

Mange av juniorspelerane er skuleelevar. Dei går ofte på idrettsfag, idrettslinjer og toppidrettsgymnas. I tillegg til at dei trenar for mykje generelt, spelar dei ofte for fleire lag.

– Det vert større risiko for skader, og at spelaren kan miste motivasjonen til å gå vidare til seniornivå, sei Stig Arve Sæther.

Han er universitetslektor i idrettsvitskap ved NTNU i Trondheim, og meiner at klubbane eller skulane bør ha ansvar for å passe på at spelerane ikkje overbelastar seg.

– Feil trening

Spelarutviklar og assistenttrenar i Odd, Arne Sandstø, meiner mange toppidrettsgymnas og idrettslinjer på vidaregåande skular satsar på feil form for trening, og at det er det som kan føre til dei store belastningsskadane.

– Elevane må først gjennom fulle fotballøkter ved skulane på formiddagen. Etter det vert det ei ny fotballøkt med klubbane på ettermiddagstid.

Sandstø meiner skulane bør satse meir på styrketrening.

Odd har fleire elevar frå Toppidrettsgymnaset i Telemark . Sandstø seier at klubben har full kontroll på kva slags belastning desse spelerane har.

– Bør trene mye

Hovudtrenar i fotball ved Toppidrettsgymnaset i Telemark, Lasse Jørn Fredriksen, seier at skulen prøver så godt dei kan å få oversikt over kor mykje elevane belastar seg.

– Utøvarane skal trene mye, men dei skal trene riktig. Då unngår vi skadar.

Skulen har samtalar med spelerane og sjekkar treningsdagbøker for å få oversikt over elevane si treningsbelastning.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!