Supernytt

Bygde kattehotell for ein million kroner

– I 2004 såg eg korleis det sto til med dyrevelferda når det gjaldt kattar. Med så mange lauskattar rundt, skjønte eg at det var eit stort problem, fortel Kjell Karlson.

Det var då ein lauskatt åt brødet han hadde lagt ut til fuglane, at han bestemte seg for at han måtte gjere noko. Sidan den gong har han omplassert over 500 kattar, og starta eit eige hotell for sine pelskledde vennar.

Ein ekte katteentusiast

Den 60 år gamle mannen held til i Verdal i Nord-Trøndelag, og driv i dag Kattehotellet Innherred. Hotellet opna rett før jul i 2014, men Kjell har vore veldig engasjert i kattar mykje lenger.

– Eg har alltid elska kattar, og fekk min første då eg var to år gamal.

Kjell reknar med han har hjelpt over 500 dyr inn i nye heimar dei siste 10 åra. No er hotellet hans fylt opp av både kattar som skal til nye familiar, men også kattar som har eigarar som har betalt for eit lite opphald.

Kjell Karlsson er over gjennomsnittet opptatt av kattar. Her er han med vennen Lille i den private delen av huset sitt. Foto: Randi Wilsgård / NRK

Kjell Karlsson er over gjennomsnittet opptatt av kattar. Her er han med vennen Lille i den private delen av huset sitt.
Foto: Randi Wilsgård / NRK

Utvidar kattehotellet

Heile hotellet hans starta eigentleg smått, med berre ei lita innhegning og ein sykkelbod. Etterkvart som dyra fekk nye eigarar, såg Kjell at det vart meir og meir populært med kattepass. Og då vart det ikkje nok med berre innhegninga og sykkelboden.

– Då bestemte eg meg for å investere ein liten million og byggje på huset, fortel han.

No har både omplasseringskattane og gjestekattane ei eiga del av huset hans. Der har dei både stue, kjøkken og vaskerom, i tillegg til at ein ny og stor luftegard sto ferdig veslejulaftan i fjor. I tillegg har han tenkt å utvide med hotellresepsjon og eige rom for veterinær.

– Eg skal også ordne eit trivelig opphaldsrom i garasjen. Det er fleire som kjem hit og vil jobbe. Nokre kjem heilt frå Trondheim. For dei kan det vere greitt å kunne overnatte, seier han.

Kattekos x 60

Kattevennen legg ikkje skjul på at det er mykje arbeid med å drive hotell. I jula hadde han totalt 60 kattar i huset. Det er det han har maksimalt plass til.

– I tillegg til frivillig hjelp har eg heldigvis ein lærling her som er veldig flink. Eg fryktar ikkje for framtida sånn sett, seier han.

23 av kattane eig Kjell riktig nok sjølv, men hotelleigaren tvilar på at han skal ha fleire.

– Vi skal ned på eit normalnivå etter kvart, ja.

– Og det er?

– Nei, ti kattar syns eg verkelig eg må ha, seier Kjell og ler.

Kor mange kattar kunne du tenkje deg å ha?

Denne artikkelen var henta frå nrk.no, og var skriven av Ida Kristine Holm og Randi Wilsgård.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!