Supernytt

Martin Ødegaard til Real Madrid

16 år gamle Martin Ødegaard har takka ja til Real Madrid, i følgje lokalavisa Drammens Tidende.

Det er visst berre detaljar som står igjen før overgangen er i orden. Forhandlingane om mellom anna overgangssummen skal starte måndag kveld eller tysdags morgon, skriv avisa.

Då kjem Martin mest sannsynleg til å skrive under på ein langtidskontrakt. Og i følgje lokalavisa går Martin direkte i A-stallen, men skal trene med B-stallen fram til sommaren.

Med andre ord vil lagkameratane hans framover vere store stjerner som Cristiano Ronaldo og James Rodríguez.

Det skal ha vore besøket i Madrid førre veke som skal ha vore avgjerande for familien Ødegaard.

Faren til Martin, Hans Erik Ødegaard, skal også ha fått tilbod om jobb i Real Madrid. Mest sannsynleg ser vi han som trenar eller spelarutviklar i aldersbestemte klasser.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!