Supernytt

Tidenes tammaste hest?

Kinesaren Su Daocheng har gjort noko så uvanleg som å lage ein hest. Og ikkje berre ein kva som helst slags hest, men ein mekanisk metallhest som faktisk kan gå.

Etter to månadar med bygging, kunne han endeleg ri gjennom gatene i byen Shiyan i Kina i går. 

Hesten er heile 1,5 meter høg og to meter lang. I tillegg til dei fire beina vanlege hestar også har, må den mekaniske hesten også ha to støttehjul for å halde balansen.

Og sjølv om den veg 250 kg er den faktisk ein lettvektar samanlikna med ekte hestar, som kan vege rundt 1000 kg. Den spis nok ikkje så mykje høy heller.

Kva dyr kunne du tenkje deg å få bygd?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!