Supernytt

Ulven «Frøya» kan vere drepen

Det har gått over eitt år sidan ulvetispa i Østmarka har vist spor av seg i området. No trur rovdyrforskarar at tispa i alfaparet kan vere ulovleg skoten.

– Vi har analysert prøver over lengre tid, og funne DNA av alfahannen jamt og trutt, men ikkje funne spor av tispa sidan 13. august 2013, seier Morten Kjørstad. Han er leiar i Rovdata, gruppa som har oversikt over rovdyra i Noreg. 

Det var tidleg i 2013 at ulveparet slo seg ned i Østmarka. Etter forslag frå folk, fekk dei namna "Frøya" og "Fenris". Seinare på våren fekk dei sitt første kull med kvalpar

Men det ser også ut som det skulle bli det siste.

Ein familie på tre

Viltkamera, spor og DNA-prøver viser at det berre er tre ulvar som lev i Østmarka no, alfahannen og to kvalpar.

– Kvalpene er frå 2013, og det ser ikkje ut som det vart fødd kvalpar i fjor. Med tida er det mindre og mindre sannsynleg at tispa er der, seier Kjørstad.

Marius Angvik tok eit bilete i romjula som viser dei tre ulvane, berre 11 kilometer frå Oslo sentrum i luftlinje.

– Det viser flokken med far, son og dotter, seier Angvik.

Skulle ha forlatt foreldra

Eit alfapar lev saman heile livet. Rovdyrforskar Petter Wabakken følgjer radiomerka ulvar der hannen og tispa er saman 99 prosent av tida, men slik er ikkje situasjonen i Østmarka.

– Alfahannen går aleine eller saman med dei to kvalpane sine, seier Wabakken.

Det er vanleg at kvalpane forlèt foreldra allereie etter den første sommaren, men det har ikkje desse gjort.

– Når ulvar oppfører seg på denne måten, er dette eit klart teikn på at éin av foreldra er borte, seier rovdyrforskaren

– Mest sannsynlig skoten

På 37 år har ikkje forskarar opplevd at ei tispe kjem tilbake etter ho har forsvunne.

– Når dei  forsvinn plutseleg, så har dei dødd i området dei har budd. Då er den vanlegaste årsaken ulovleg avliving som har vore eit stort problem i dei siste ti åra.

Østmarka er ulvesone, og det er dermed ikkje lov å jakte på ulven i dette området.

I april vil Wabakken endeleg konkludere med kva som har skjedd med «Frøya», men seier ho mest sannsynlig har vorte skoten.

– Vi kan ikkje sjå vekk i frå andre dødsårsaker, men at ei fullvaksen tispe vert sparka i hjel av ein elg er ikkje dokumentert i verken Norge, Finland eller Sverige.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og var skriven av Emilie Christin Hellberg Saksæther og Nina Didriksen.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!