Supernytt

Fekk rekning for å ikkje gå i bursdag

Fem år gamle Alex valde å halde ein avtale med besteforeldra sine, og kom difor ikkje i klassekameraten sin bursdag. Nokre dagar etter kom han heim med ei rekning på 190 kroner i sekken.

Ein ordentleg faktura (rekning), på 15 pund og 95 pence, var det som venta fem år gamle Alex Nash frå Cornwall i Sør-England, etter at han droppa å møte opp i ein bursdag. Han meldte heller ikkje frå om at han ikkje kom.

Det er den britiske TV-stasjonen BBC som omtaler historia. Rekningen er på ca 190 kroner.

Foreldra har no fått beskjed om at saka kan hamne i ein lokal rett for småsaker om dei ikkje betaler rekningen. Det meiner Alex sin far er urimeleg.

– Eg kan forstå at ho er opprørt fordi ho har tapt pengar, men pengane er ikkje det sentrale her. Det er måten ho har prøvd å få pengane frå meg som er saka her, seier Derek Nash.

Foreldra til Alex hadde først takka ja til å kome i bursdagen som fann stad i ein innandørs alpinbakke rett før jul. Men då dei forstod at sonen var dobbeltbooka og hadde ein avtale med besteforeldra sine, falt valet på å halde avtalen med dei eldre, og droppe bursdagen.

Foreldra til Alex seier dei ikkje hadde noko kontaktinformasjon til bursdagsarrangøren, småbarnsmor Julie Lawrence, slik at dei kunne gi beskjed til ho.

Det nektar derimot Lawrence for, som i ein kort kommentar til BBC seier at alle kontaktdetaljar stod på invitasjonen.

No kan altså denne saka hamne i ein lokal rettssal, sidan far Nash nektar å betale for sonens bursdagsskulking.

Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Vegard Tjørhom.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!