Supernytt

Ingen ebola i Mali lenger

I dag opnar skulane att i Guinea, etter å ha vore stengde i fem månader. Og Mali har no blitt erklært ebola-fritt. Ebola-epidemien er i ferd med å miste grepet i Vest-Afrika.

Meir enn 8.400 menneske er døde etter å ha blitt smitta av ebolaviruset i Vest-Afrika. Sierra Leone, Liberia og Guinea har vore hardast råka. Og det er framleis mykje arbeid som står att før epidemien er utrydda.

Likevel byrjar det å kome fleire positive teikn frå dei råka landa.

I Mali var det sju personar som døde av viruset før jul, men sidan 6. desember har det ikkje vore nye teikn på smitte. No er landet erklært ebola-fritt av FN sitt responssenter for ebola.

– Eg erklærer at i dag, så er det slutt på Ebola-epidemien i Mali, sa helseminister Ousmane Kone på den statlege TV-kanalen ORTM.

Skuleklare barn i Guinea

Nabolanda kan ikkje feire ein slik siger, men mykje går den rette vegen.

I Guinea er elevane tilbake på skulen. Dei siste fem månadene har ingen barn i landet fått følge opp sitt utdanningsløp, på grunn av behovet for å avgrense smittefaren i landet.

Då borna kom til skulen i dag vart dei møtte med kanner med desinfiseringsmiddel, som skulle brukast til handvask.

Nedgang i alle land

Guinea og Sierra Leone kunne førre veke feire at det ikkje har vore færre nye ebola-tilfelle i løpet av ei veke, sidan august i fjor.

Og i Liberia har ikkje talet vore lågare sidan juni i fjor. To dagar i førre veke kom det heller ingen nye tilfelle i landet.

Artikkelen er fra nrk.no og er skrevet av Vegard Tjørhom.

 

Del din mening!