Supernytt

Dette kan bli maten du får på gamlehjem

Det er ingen grunn til å berre ete graut sjølv om tennene vert byta ut med gebiss. Forskarar lagar no framtidas mat for dei gamle: laks, gulrøter og erter i muffinsformer

– Når me blir eldre får mange av oss utfordringar med å tygga og svelga ned maten, seier Helge Bergslien ved Måltidets hus i Stavanger.

Han og dei andre forskarane forskar no på ny mat sidan det stadig blir fleire eldre i Noreg. Denne maten er det meir næring i også.

– Når me vanlegvis lagar mat som er tilpassa i form, så lagar me berre ein farse, seier Roar Løining ved Sandnes Matservice, som lagar og leverer mat til institusjonar i kommunen.

– Så varmar det opp og serverer det på ein tallerken, omtrent som babymat.

– Men dette ser mykje betre ut, fordi me har fokus på det visuelle. Dette er framtida, det er heilt sikkert, held han fram.

Etter kvart er planen at maten også skal etterlikna forma til «originalen» så mykje som mogleg.

Ville du spist dette tror du?

Freistande? Gulrot i muffinsform. Smak og farge er den same som ei vanleg gulrot, men form og konsistens er ikkje heilt som du er vand med.

Freistande? Gulrot i muffinsform. Smak og farge er den same som ei vanleg gulrot, men form og konsistens er ikkje heilt som du er vand med.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!