Supernytt

28 personer isolert etter snøras

I Eksingedal er 28 personer isolert for vegsamband med omverda etter at det rasa over vegen inn til bygda . I morgon skal kommunen sende inn mat og medisinar til innbyggjarane. Det var onsdag 21. januar etter eit 100 meter langt og sju meter høgt ras mellom Ekse og Gullbrå at vegen ble stengt med omverda. Det har vore stor skredfare i området, så det har ikkje vore forsvarleg å starte rydding av vegen. Et stort snøras onsdag morgon gjør at bygda Gullbrå innerst i Eksingedalen er utan vegforbindelse med omverda.

Foto: Frøydis Gullbrå

Foto: Frøydis Gullbrå

Byrjar å gå tom for mat – Det er ein alvorleg situasjon og det er anstrengande for dei som er råka. No byrjar det å bli tomt for mat til folk og dyr, seier ordførar Eirik Haga til NRK.no. I dag samla ordførar Eirik Haga i Vaksdal kommune saman politiet, Statens vegvesen, kommunelegen og kommunen si kriseleiing til møte om situasjonen på Gullbrå. Der vart det bestemt at vegen til Gullbrå opnar tidlegast torsdag.

Kart over Eksingedal.

Kart over den stengte fylkesvegen mellom Gullbrå og Brakestad grunna snøras.

Vurderer evakuering – Eg håper vi får opne vegen i dag, men vi må berre gjere som Statens vegvesen seier. Om dei ikkje opnar vegen kan det tenkast at vi må evakuere folk, seier Haga. Om vegen framleis blir stengt vil ein vurdere løysingar for forsyningar og eventuelt evakuering av innbyggjarane. – Korleis vi har tenkt å evakuere dei veit vi ikkje enno. Det vanlege ville ha vore helikopter, men det er dårleg sikt og vanskelege forhold, seier Haga.

Den lille byga Eksingedal. Foto: Privat

Den lille byga Eksingedal. Foto: Privat

Føler seg innestengt Ingunn Gullbrå som bur inst i Eksingedalen er utan vegforbindelse med omverden etter raset. – Det er ikkje første gong det går ras akkurat der, men det er sjeldan det kjem så langt ned på vegen så ein føler seg litt innestengt og ein byrjar jo å tenkje på kva som kan skje, seier Gullbrå. Ho fortell også at det henger igjen mye snø oppe på fjellet som ikke er kommet ned enda.   Artikkelen er henta frå nrk.no og først skrevet av Roy Hilmar Svendsen og Anders Eksanger.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!