Supernytt

Hunden Milo endeleg redda

Dachsen Milo har sete fast i ei steinrøys i Kragerø sidan måndag. Etter mange redningsforsøk klarte endeleg Kragerø brannvesen å få hunden ut.

Like før klokka 14 i dag vart hunden redda ut frå steinrøysa, og det var ein ellevill og svært lukkeleg hund som fekk kome til eigaren Jon Aspenes igjen.

– Så flink du har vore, no har du blitt skikkeleg kjendis, seier Aspnes til hunden, medan han stryk og koser med den logrande dachsen.

Han seier han er imponert over innsatsen til brannvesenet i Kragerø.

– No er eg kjempeglad. Vi drog ned til brannstasjonen i går for å låne noko verktøy for å få bikkja ut, men så kom dei med heile brigaden. Eg er så takknemleg, og dette er helt fantastisk. No skal Milo heim og få masse leverpostei, seier Aspnes.

Brannvesenet forsøkte å få hunden laus også i går, men lukkast ikkje med det.

– Vi forsøkte å få den laus fleire gonger, men det nytta ikkje, seier Per Ole Halvorsen, som var på jobb for Kragerø brannvesen i går.

Bjeffa og hadde augekontakt

Milo har fortløpande blitt mata med leverpostei frå ein pinne. Den fekk også inn eit teppe frå eigaren og litt mat. Vatn fann den inne i steinrøysa.

Brannvesenet i Kragerø jobba på spreng heile tysdag føremiddag for å få hunden ut. På det meste hadde dei 6 til 7 mann i sving, og prøvde forskjellige idear for å få hunden ut.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!