Supernytt

Her reddar hunden Gaston ein sjuk dachs

Ein liten dachs frå Vestfold har vorte veldig sjuk. I følgje dagleg leiar ved Fredrikstad Dyrehospital, Carsten Glindø, så klarer ikkje kroppen til dachsen å lage nok blod slik at han kan bli frisk.

Difor må dachsen få blod frå andre friske hundar, og på fredag var det Gaston sin tur å gi.

Gaston er hunden til ein av dyrepleiarane på Fredrikstad Dyrehospital, og dei passa godt på at han slappa av under blodgivinga.

Først fekk han ei sprøyte som skulle få han til å slappe av. Då han hadde sovna, fekk han oksygen gjennom ei maske, og i tillegg fekk han ekstra næring gjennom ei slange.

Då alt var over og Gaston vakna opp igjen, fekk han ein herleg lunsj, vel fortent.

Glindø fortel at dei ofte brukar dei som jobbar der sine hundar til slik blodgiving, og at hans eigen hund også brukar å hjelpe til på denne måten.

No håper dei at Gaston sin innsats skal føre til at dachsen blir frisk igjen.

– Vi ynskjer mottakaren av donorblodet god betring og takkar Gaston for hans flotte donasjon.

Kva hund likar du best?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!