Supernytt

Kjøper likes og falske vennar

Behovet for å vere populær er så stort at stadig fleire born og unge kjøper likes. Nokre brukar heile natta på å fikse og trikse, slik at det skal sjå ut som  det er ekte likes.

– Eg syns det verkar veldig patetisk. Eg ser ikkje kva som er så kult med å ha tusen likes eller tusen følgjarar, seier Oliver Saugestad, nestleiar ved elevrådet på Egge ungdomsskole i Steinkjer. Han får også støtte frå elevrådsleiaren, Karen Margrete Husby. 

– Det er trist at nokon har så dårleg sjølvtillit eller kjenner så sterkt på presset til å ha mange likes at dei kjøper det, seier ho.

Ylva Jensus står saman med elevrådsrepresentantane, ho meiner det er lett å sjå om like-teikna er ekte eller falske.

– Det fins konkurransar der dei med flest likes vinn konkurransen. Då kan du sjå at enkelte bilete har ti likes medan andre fleire tusen. Det visast at det ikkje er ekte, seier ho.

– Det er godt å få likes. Men det er betre å få det frå folk eg kjenner, enn å kjøpe dei. Det kan ikkje gi den same gode kjensla.

Ungdom kjøper likes og falske venner - TRIST: Nestleder Oliver Saugestad, leder Karen Margrete Husby og Ylva Jensus i elevrådet ved Egge ungdomsskole i Steinkjer synes det er dumt at noen har så dårlig selvtillit at de må kjøpe seg likes. - Foto: Silje Kolaas /

TRIST: Nestleiar Oliver Saugestad, leiar Karen Margrete Husby og Ylva Jensus i elevrådet ved Egge ungdomsskole i Steinkjer syns det er dumt at nokon har så dårlig sjølvtillit at dei må kjøpe seg likes. Foto: Silje Kolaas

 

Mange falske følgjarar

Det er fleire måtar å jukse seg til fleire følgjarar på sosiale medium. Facebook, Twitter, Instagram, Youtube og Google jobbar hardt for å oppdage og stoppe autogenerert juks. Altså juks som vert utført av datamaskiner.

Dette har ført til framvekst av ein ny marknad: såkalla «klikkfarmar» i fattige land.

Der sitt underbetalte arbeidarar og klikkar på alt kundane betaler dei for å «like». Klikkfarmane kan gjere at ein video går rett opp på mest sette-lista på Youtube, at eit firma ser veldig populært ut på Facebook, eller at bedrifter får mange følgjarar på Twitter.

Den britiske journalisten Chris Atkins lagde i fjor ein dokumentar for ein britisk kanal om falske følgjarar på sosiale medium.

– Det er to måtar å kjøpe følgjarar på, den eine måten er via dataprogram. Dette er billig, men lett å oppdage. Den andre måten er å bruke klikkfarmar der folk manuelt klikkar og likar sidene dine. Dette er mykje vanskelegare å spore opp, fortel Atkins til NRK.no.

Stress døgnet rundt

Eli Gotvassli er miljøterapeut ved Steinkjer ungdomsskule. I følgje ho, fortel elevane ho opent om korleis dei styrer på med likes og sosiale medium.

– Dei kjem trøytt om morgonen, for mange søv dårleg om natta. Dei fortel at dei brukar natta til å gjere om like-teikna slik at dei skal sjå ekte ut. Då blir det seint, seier Gotvassli.

Ho meiner dette handlar om nattesøvn, sjølvtillit og venskap. No ynskjer ho at foreldre skal ta frå ungdommane mobilen når dei skal sove og heller kjøpe dei ei god gamaldags vekkjarklokke.

– Foreldre må ta styringa, seier miljøterapeuten, og understrekar at det er viktig at foreldre set seg litt inn i dette og gir barna sine vegleiing på kva som er lurt og ikkje.

Kva syns du om å kjøpe likes og falske venar?

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!