Supernytt

Superpopulær på Twitter

Martin Ødegaard sin overgang til Real Madrid er den nest mest omtalte på Twitter i januar. Ungguten har store namn bak seg på lista.

22. januar vil for alltid vere en merkedag i norsk fotball. Det var dagen då 16 år gamle Ødegaard signerte for Real Madrid som første nordmann nokon sinne.

Men det var ikkje berre vi i Noreg som var oppteken av dette. Ifølgje statistikk frå Twitter var Ødegaard til Real den nest mest omtalte stadfesta overgangen i januar.

Berre colombianske Juan Cuadrado, som vart klar for Chelsea siste dagen det er mogleg med overgangar, ligg over stortalentet på lista. Under han ligg spelarar som Víctor Valdés (Barcelona til Manchester United), Steven Gerrard (Liverpool til Los Angeles Galaxy) og Lucas Silva (Cruzeiro til Real Madrid).

Tysdag trente Ødegaard igjen med Real Madrid Castilla, mens A-laget hadde ein økt på banen ved sida av.

Topp ti

Dette var dei ti mest omtalte overgangane på Twitter i januar:

  1. Juan Cuadrado, Colombia (frå Fiorentina til Chelsea).
  2. Martin Ødegaard, Norge (frå Strømsgodset til Real Madrid).
  3. Víctor Valdés, Spania (frå Barcelona til Manchester United).
  4. Steven Gerrard, England (frå Liverpool til Los Angeles Galaxy).
  5. Lucas Silva, Brasil (frå Cruzeiro til Real Madrid).
  6. Gabriel Paulista, Spania (frå Villarreal til Arsenal).
  7. Wilfried Bony, Elfenbenskysten (frå Swansea til Manchester City).
  8. Lukas Podolski, Tyskland (frå Arsenal til Inter).
  9. Samuel Eto'o, Kamerun (frå Everton til Sampdoria).
  10. Xherdan Shaqiri, Sveits (frå Bayern München til Inter).

Rykte

I løpet av den tida det er ope for overgangar, florerar rykta på sosiale medium. Twitter har også laga ei oversikt over dei ti mest omtala rykta som aldri vart stadfesta:

  1. Lionel Messi, Argentina (frå Barcelona til Chelsea).
  2. David de Gea, Spania (frå Manchester United til Real Madrid).
  3. Mats Hummels, Tyskland (frå Dortmund til Manchester United).
  4. Paul Pogba, Frankrike (frå Juventus til Chelsea).
  5. Gareth Bale, Wales (frå Real Madrid til Manchester United).
  6. Marco Reus, Tyskland (frå Dortmund til Bayern München).
  7. Ricky Lambert, England (frå Liverpool til Aston Villa).
  8. Danny Ings, England (frå Burnley til Liverpool).
  9. Morgan Schneiderlin, Frankrike (frå Southampton til Arsenal).
  10. Winston Reid, New Zealand (frå West Ham til Arsenal).

(NTB)

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!