Supernytt

Skulebuss med elevar tok fyr

Det var like før klokka ni onsdag morgon at det tok fyr i motoren på ein skulebuss ved Ringstad skule i Stranda.

Rektor Bjørn Helge Nygård seier til NRK at bussen var full av elevar då det byrja å brenne, men alle blei kjapt evakuert då dei oppdaga røyken.

– Alt gjekk heilt etter boka. Alle elevane kom seg raskt i tryggleik, og hjelpemannskapa kom kjapt til staden og starta sløkking, seier Nygård.

Dramatisk for elevane

Sjølv om episoden fekk ein lykkeleg slutt, legg ikkje rektoren skjul på at det var dramatisk for dei om lag 200–300 elevane å sjå at bussen som skulle ta dei til fjells sto i brann.

Ifølgje John Kåre Flo, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, var det om lag tjue born i bussen då den byrja å brenne.

– Bussjåføren fekk alle trygt ut av bussen, og etter det vi veit skal ingen vere fysisk skadd, seier han.

Røyk i sentrum

Like før klokka ni melde politiet at brannvesenet hadde kontroll over brannen, og heldt på med ettersløkking.

Røyken frå skadestaden gjekk umiddelbart ned mot Stranda sentrum, og innbyggjarane har difor fått beskjed av politiet om å lukke vindauga inntil vidare.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Silje Steinnes Bjerknes og Ivar Lid Riise

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!