Supernytt

Kan bli ulovleg å hjelpe tiggarar

Regjeringa har sendt inn eit forslag til ei lov om nasjonal tiggeforbod.

I denne lova er eitt av alternativa dei har føreslege ei lov som gjer at ein kan straffe organisert tigging med inntil eitt års fengsel. Med organisert tigging meiner dei at to eller fleire tiggarar samarbeider når dei tiggar.

I tillegg har dei lagt inn eit forslag om at medverknad til tigging skal kunne straffast like strengt. 

Dette reknar dei som eksempel på medverknad til tigging:

  • Heilt eller delvis dekkje reiseutgifter, slik at ein person kan tigge.
  • Ordne transport for at ein person kan tigge.
  • Ordne forsyningar eller utstyr som ein tiggar kan bruke.
  • Ordne mogleg overnatting. Dette gjeld ikkje samfunnsgagnlege organisasjonar eller offentlege tiltak.
  • Ta hand om eller oppbevare pengar som har kome gjennom tigging.
  • Varsle eller på anna måte hindre politikontroll eller kontroll frå andre i myndigheita.

Det vil seie at mange som hjelp tiggarar kan få bot eller hamne i fengsel. Grunnen til dette er at dei meiner at det å hjelpe tiggarar kan vere å "oppmuntre" til ulovleg tigging.

«Mama Inger» kan hamne i fengsel

Dermed kan Inger Husby på Bøler i Oslo bli kriminell. Ho gjer nemleg meir enn å leggje ein tiar i koppen til tiggarane.

– Dei har overnatta her fleire gonger. Dei som er her på Bøler har eg matpakke til, og så fyller eg statoilkoppen med kakao. Eg vaskar tøyet deira når det trengs, og innimellom er dei heime her på middag, seier ho.

«Mama Inger» har ingen planar om å gje seg, dersom lovforslaget skulle bli vedtatt.

– Eg trur eg berre blir enda meir ivrig på å hjelpe. Eg syns ikkje det høyrast mogleg ut å straffe folk som hjelp andre som har det vanskeleg og er fattige.

Er du ikkje redd for følgjene?

– Nei. dei får putte meg inn. Det vert ei ny erfaring.

– Naudsynt å straffe medverknad

Statssekretær i justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (Frp), meiner det er naudsynt med dette lovforslaget, sjølv om det kan råke folk som berre ynskjer å hjelpe.

Han fortel at tigging er ein aktivitet dei ynskjer skal bort, og folk som ynskjer å hjelpe tiggarar er med på legge til rette for at tigging fortsett.

Gruppeleiar i Oslo bystyre, Marianne Borgen (SV), likar ikkje føreslaget. Ho likar heller ikkje at det ikkje skal meir enn at to tiggarar samarbeider for at tigging skal bli sett på som organisert.

– Då kan ein far og ein son som sitt i gatene i Oslo og tiggar, bli både bøtelagt og satt i fengsel. Det løyser ingenting av dei grunnleggjande problema som fattigdom faktisk handlar om.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Olav Juven, Dag Aasdalen og Eirin Eikås.

Kva syns du om lovforslaget?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!