Supernytt

Ville du lest ei novelle som SMS?

Den danske forfattaren Kenneth Bøgh Andersen har skrive ei novelle spesielt for å lesast som tekstmelding.

– «SMS fra Helvete» er tolv tekstmeldingar fordelt på to dagar. Historia handlar om ein som har hamna i Helvete, men så får han tak i ein mobiltelefon og skriv om sine opplevingar, seier Bøgh Andersen.

Det blir no eksperimentert med nye digitale format. I Danmark har forlaget SMS Press gjeve ut om lag hundre SMS-noveller, for ungdom og vaksne. No står Noreg og Sverige for tur, fortel redaktør Kim Baasch.

– Det er ikkje små noveller som er klypt opp i bitar, men litteratur som er skrive for mobiltelefon. Me gjer det ikkje fordi me vil at folk skal lesa SMS-noveller i staden for bøker, men fordi me vil få fleire til å lesa. I ein travel kvardag kan dei få lest litt litteratur på mobilen, seier han.

Eit par timar etter den første meldinga, dukka neste kapittel opp:

Nei! Nei, jeg tar det tilbake. Jeg er fanget et sted hvor ingen kan hjelpe meg...»

Interaktive bøker

Forfattar Endre Lund Eriksen har skrive bokspelet «Jakten på Teddy», ei digital forteljing med animasjon, tekst og kommentar. Det er utvikla i samarbeid med spelselskapet Plus Point, men er altså likevel ei bok, seier Lund Eriksen:

– Me kallar det ei interaktiv bok, der du som lesar er med på å gjera nokre val som har betydning for kva som skjer i historia.

– Kva er det som gjer at det er ei bok, og ikkje berre eit spel?

– Det er ei historie som har eit klart narrativ og eit språk i forteljinga som prøvar å vera litterært, seier Eriksen.

Det kostar mindre å lasta ned dette bokspelet enn å kjøpa ei papirbok, men det er likevel dyrt samanlikna med alle kommersielle gratis-appane som finst.

– Barnebokappane forsvinn veldig fort blant dei andre appane i appstore. Brukar ein mykje pengar på ein barnebokapp, så kan det bli vanskeleg å tena inn att. Ein må finna ein måte å få det til å gå rundt økonomisk på, seier barnebokmeldar i Dagbladet, Marie L. Kleve.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Anett Johansen Espeland og Sondre Dalaker.

Kunne du tenkje deg å lese ei novelle som SMS?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!