Supernytt

Ingrid (14) er noregsmeister i sjakk

Fjorten år gamle Ingrid Greibrokk frå Alta vart noregsmeister i sjakk i klassen 14-16 år. 14-åringen har vunne NM tidlegare og har med denne sigeren kvalifisert seg til nordisk meisterskap i Danmark.

– Det er veldig morosamt, fortel Ingrid.

Nordisk meisterskap

Ingrid er også nordisk meister frå tidlegare. No ser ho fram til å forsvare den tittelen også.

– Eg gler meg og er litt nervøs, seier ho.

Ingrid trenar omtrent ein time kvar dag. Ho satsar på å bli internasjonal meister.

Med seg til Danmark får Ingrid med seg sølvmedaljevinnar Sara Næss frå Vålerenga sjakklubb, skriv Alta sjakklubb på sine nettsider.

Sjå Ingrid spele mot NRK-reporter

NRKs reporter Rolf Jakobsen skulle eigentleg berre lage ein reportasje på Ingrid til distriktssendinga i 2012, men tok utfordringa med å spele ei runde med Ingrid som då var 12 år.

Det gjekk kanskje ikkje så bra som han håpte.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Kristian Sønvisen Bye.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Kristian Sønvisen Bye.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!