Supernytt

Hitlåten «Happy» vert barnebok

Artisten Pharrell Williams har underteikna ei avtale med forlaget Putnam om å skrive fire biletbøker retta mot dei aller yngste.

Pharrell Williamser sjølv er far til ein seks år gamal gut, så kanskje er det han som er inspirasjonen til at han no vil skrive barnebøker.

Først ut er ein barndomshyllest inspirert av hitlåten «Happy», skriv den britiske avisa The Guardian.

Boka skal innehalde bilete av born frå heile verda som «feirar kva det vil seie å vere glade», ifølgje dei som skal gi ut boka, Harlan Coben og Meg Rosoff.

Ein av fjorårets største hits

«Happy» vart gitt ut på tampen av 2013, og enda som ein av fjorårets aller største hitlåter.

Den var på lydsporet til animasjonsfilmen «Grusomme meg 2» og vart nominert til Oscar for beste låt frå ein film.

Putnam har tidlegare også gitt ut barnebøker skriven av kjendisar. I 2009 ga dei ut countryartisten Dolly Parton sin barnebok «I Am a Rainbow».

Forlaget planlegg å trykke opp 250 000 bøker av «Happy»-boken i første omgang.

Boka blir mest sannsynleg lagt ut for sal 22. september.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Ola Nymo Knudsen.

Kva ville du tatt bilete av for å vise glede?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!