Supernytt

Lærarar lurte elevar

Lærarane på Nidarvoll skole i Trondheim fortalte elevane at dei hadde satt opp eit kamera som filma alle gutane på do, og at videobileta gjekk direkte til rektors kontor, skriv avisa Adresseavisen.

Gutar på andre trinn har sidan førre skuleår tissa utover heile golvet på do, og reingjererane har meldt om bæsj på golvet og i søppelbøtta, fortel rektoren. Ein lærar kom dermed opp med overvakingsbløffen, som vart godkjent av rektor.

– Først og fremst uttrykker dei aktuelle lærarane overfor elevane at det er greitt med overvaking av barn. Sjølv om dei eigentleg ikkje meiner dette, er det eit ekstremt dårleg signal å sende, meiner FAU-leiar Marianne Haraldsvik ved skulen.

Rektor Jan Tilset Larsen legg seg heilt flat.

– Dette var meint som ein kvit løgn for å få slutt på eit stort problem. Eg tenkte meg ikkje om då eg godkjende føreslaget, seier han.

Skulen har sendt ut eit brev med unnskyldning til foreldra ved andre trinn.

Denne saka er henta frå NTB.

Kva syns du om at lærerane lurte elevane?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!