Supernytt

Kreftsjuke Angelica (10) får hjelp

For to veker sidan sendte vi i Supernytt ein reportasje om 10 år gamle Angelica Simonsen. Ho har ein kreftsjukdom som heiter leukemi, eller blodkreft.

Ein av dei tinga legane må gjere for at ho skal bli frisk, er å utføre ein beinmargstransplantasjon. Det vil seie at Angelica får ny beinmarg frå ein som er frisk.

Vanlegvis er det sysken som er dei beste å få beinmarg frå. Det var dessverre ingen av syskena til Angelica som passa som beinmargsgivar til ho.

Difor måtte legane leite i eit register over frivillige beinmargsgivarar, beinmargsregisteret. Det er ei liste over frivillige vaksne som kan gi beinmarg til folk dei ikkje er i slekt med.

Håp for Angelica

Rikshospitalet skal no ha funne nokon i beinmargsregisteret som verkar å ha same vevstype som Angelica.

Med andre ord kan det sjå ut som Angelica snart kan få utført den beinmargstransplantasjonen ho treng, for å bli frisk.

Legane må først gjere enda fleire nøye undersøkingar, for å passe på at alt stemmer.

Litt keisamt

Dersom alt stemmer må Angelica ligge på isolat i ein til to månadar medan ho får ny beinmarg. Det vil seie at ho ligg aleine på eit rom, der ho ikkje kan få så mykje besøk.

Det er fordi ho på denne tida lett kan bli sjuk, og derfor må avgrense kontakt med folk.

- Det blir kanskje keisamt, men eg får fysioterapi og sjukehusskulen til å kome innom, fortel Angelica.

Ho får derimot lov til å ha ein til to personar på besøk om gangen, og foreldra hennar kjem sjølvsagt til å vere der med ho.

Fekk du ikkje med deg reportasjen om Angelica, eller lurer på kva beinmarg og beinmargsgiver er? Sjå reportasjen her:

Fakta om beinmargsgiving
  • Beinmarg fins i bein og knoklar overalt i kroppen.
  • Ein beinmargsgivar er ein frisk person som gir frå seg nokre av sine eigne friske beinmargsceller til ein som er sjuk.
  • Det er viktig at beinmargen som blir overført frå ein frisk til ein sjuk er samme type vevstype, altså likt bygd opp.
  • Er ikke vevstypen lik, vil ikkje kroppen til mottakaren ta i mot beinmargen.
  • Sysken er ofte den beste givaren, uansett alder, fordi dei ofte har lik vevstype.
  • Dersom ein ikkje har syskjen eller anna slekt som kan gi beinmarg, leitar legane i eit register over frivillige givarar som ikkje er slekt.
  • Dersom ein ikkje er i slekt, er det kun vaksne mellom 18 og 40 år som kan vere frivillige givarar.
(Kjelde: Beinmargsgiverregisteret, Oslo Universitetssykehus)

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!