Supernytt

Norske ungdomar får internasjonal merksemd

Ei gruppe muslimske ungdomar i Oslo arrangerar støttemarkeringa «Fredens ring» på laurdag. Planen er å stå hand i hand i ein ring rundt synagogen i Oslo, for å vise at dei tek avstand frå jødehat etter terrorhandlingane i Danmark.

Akkurat no er over 1800 personar påmeldt til å delta på støttemarkeringa.

Omtalt i aviser rundt om i verda

No arrangerar dei liknande markering i Bergen. Der er det planlagt ei støttemarkering på Musikkpaviljongen i Bergen sentrum.

Nyhenda om unge muslimar i Noreg som støtter jøder har no fått internasjonal merksemd. Store aviser og nyhendekanalar frå både USA, Storbritannia, Russland, Egypt og Israel har vist interesse for arrangementet.

I den amerikanske avisa Washington Post sin nettside var dette den tredje mest leste saka i går.

– Kan ikkje la ekstremistar snakke på vegne av alle

Zeeshan Abdullah er ein av dei som står bak markeringa. Han gler seg og er positivt overraska over at så mange har meldt sin interesse.

– Vi kan ikkje la ekstremistar formidle det eine og det andre på vegne av alle andre. At vi kjem fram og viser at vi står for fred og harmoni er viktig no, og for generasjonar i framtida.

Abdullah og dei andre initiativtakerane har fått mange positive tilbakemeldingar på markeringa, men nokre negative også.

– Det har vore nokre kommentarar på Facebook-sida og i innboksen som har vore negative, men slik må ein nesten rekne med. Det har vore både frå muslimar og ikkje-muslimar. Det har vore så lite at vi ikkje bryr oss om det. 

Han er ikkje bekymra for at det kan bli bråk eller konfliktar på laurdag.

Politiet sjølv godkjende arrangementet på onsdag.

– Håper det vert fullt

Leiaren i Det mosaiske trossamfunn, Ervin Kohn, gler seg over at det er så mange påmeldte og håper at det vert stappfullt på Bergstien.

– Inne på Facebook-sida for arrangementet er det mange flotte kommentarar. Ambisjonen deira er å stå opp for jødane og imot jødehat. Det er eit flott signal, og det kan vere starte på noko, seier Kohn til NRK.

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Kristine Hirsti og Arne Vatnøy.

Kva syns du om støttemarkeringa?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!