Supernytt

«Trampe» er eit av verdas kulaste transportmiddel

Har du høyrd om ei sykkelheis? Det har dei nemleg på Bakklandet i Trondheim. No har sykkelheisa, døypt «Trampe», kome på den amerikanske nyhendekanalen CNN sin topp sju-liste over verdas kulaste transportmiddel. 

– Det er veldig stort for meg og Trondheim at heisa har vorte omtalt av eit så kjent nyhendeselskap. Eg håper dette gjer at enda fleire turistar vil besøke Trampe og byen vår, seier oppfinnaren av sykkelheisa, Jarle Wanvik.

Verdas første

«Trampe» er faktisk verdas første sykkelheis, og ein av dei største turistattraksjonane i Trondheim. Ideen til heisa kom Jarle med hausten 1992.

– Eg bur på toppen av bakken på Bakklandet og tenkte at fleire kunne byrje å for eksempel sykle til jobb dersom nokon kunne dra dei opp denne strekninga, seier Jarle, som no har vorte 73 år gamal.

Sidan Trondheim kommune og Statens vegvesen på den tida brukte ein del pengar på sykkelvegar, og dei som jobba med dette var opne for nye idear til korleis dei kunne få fleire til å sykle, vart ideen til Jarle godt mottatt.

Dermed kunne over 2000 entusiastiske tilskodarar vere vitne til opninga av heisa allereie eitt år seinare, nærare bestemt 18. august 1993.

I 2012 vart heisa gjerna, men det var berre for å fikse den slik at den kunne opne igjen i 2013 i enda betre stand.

Her kan du sjå video frå gjenopninga i 2013, der du også får sjå korleis heisa fungerar:

I selskap med Hong Kong og New York

«Trampe» er no eit av dei sju transportmidla som har vorte kåra til dei kulaste i verda. 

Dei andre som er omtalt er:

  • Rideau skateway i Canada, ein 7 km lang veg for skøyter.
  • Roosevelt Island Tramway i New York, ein taubane som går mellom Manhattan og øya Roosevelt Island.
  • Teleférico La Paz i Bolivia, ein 10 km lang taubane med tre forskjellige baner, og 10 forskjellige stopp.
  • Wicker toboggan ride i Portugal, aking i kurvstoler på asfaltveg.
  • The Walberswick ferry i Storbritannia, ein robåt som fungerar som ferje for mennesker, dyr og syklar over Blythe River.
  • Central Mid-Levels Escalator i Hong Kong, verdas lengste rullebandtransport utandørs er ca 800 meter lang.

Vil ha fleire heisar i Trondheim

Heile 40 000 personar brukte «Trampe» i 2014, og håper oppfinnaren at det skal kome fleire heiser.

Det er planlagt to til, men no når den som er der allereie har fått omtale av internasjonal media, så håper Jarle at dei to andre skal kome fortare.

– Statistikkar viser at heisa har gjort at mange fleire brukar sykkelen til jobb, eg håper den trenden kan fortsette, seier 73-åringen.

Denne saka er henta frå nrk.no, og var skriven av Kristin Heggdal.

Kva syns du er kule transportmiddel?

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!