Supernytt

Årets svenskevits?

I går var ikkje den mest medaljeinnbringande dagen for dei norske skiutøvarane i Falun, men det var kanskje ein dag utanom det vanlege.

Hittil har Noreg nemleg tatt så mange medaljar under ski-VM, at det kan vere vanskeleg å halde oversikt over alle.

Dette såg komikerduoen Hasse Hope og Erik Solbakken på som ein gyllen sjanse til å tulle litt ekstra med svenskane.

Dei vart nemleg lurt til å gratulere mange kjende nordmenn med VM-gull. Det einaste svenskane ikkje visste var at dei nordmennene dei gratulerte har absolutt ingenting med VM å gjere.

Så plutseleg har både Fantorangen, Henrik Ibsen og båten Kon-Tiki fått gratulasjonar frå svenskane.

No har stuntet vorte så populært at over ein halv million har sett videoen på Facebook.

Kva syns du om stuntet?

 

Del din mening!