Supernytt

Kva er Oljefondet?

Klasse 6A ved Slettebakken skole i Bergen har sendt oss ein e-post der dei fortel at dei syns det er vanskeleg å forstå kva Oljefondet er, og lurer på om vi kan forklare det for dei.

Vi tar sjølvsagt slike utfordringar med glede, så her kjem forklaringa vår:

Oljefondet

Oljefondet er på mange måtar Noregs felles sparebøsse.

Ved hjelp av Oljefondet, har Noreg kjøpt i aksjar i selskap rundt om i heile verda. Nærare bestemt rundt 9000 selskap.

Når ein kjøper ein aksje, kjøper ein eigentlig ein liten del av eit selskap. Vi i Noreg eig med andre ord ein liten del av rundt 9000 selskap.

Tener pengar på heile verda

I tillegg eig Oljefondet delar av lån til land over hele verden og eigedomar i store byer som London og New York.

Faktisk eig Noreg meir enn 1 % av alle selskap som handles på børser. Dette inkluderer kjende selskap som Coca Cola, Nike, Apple osv.

Desse aksjane gir oss kvart år enda meir pengar til fondet, ved at mange av selskapa vi eig aksjar i går bra.

Det er desse ekstrainntektene regjeringa skal bruke i frå når dei brukar litt av Oljefondet til å betale for felles ting som vegar, sjukeheimar og skular.

Handlingsregelen

Dette kallar vi Handlingsregelen, regelen som seier kor mykje av Oljefondet vi får lov til å bruke på ting staten betalar for.

Handlingsregelen seier at vi får bruke ca. 4% av heile Oljefondet, fordi det er det ein reknar med at vi tener på dei aksjane vi har kjøpt for pengane.

Eigentleg er det slik at vi brukar litt meir når det går dårlege tider, og mindre i gode tider. Så då det for eksempel var finanskrise i store delar av verda, så kunne vi bruke litt meir av Oljefondet, slik at vi ikkje merka noko særleg av krisa her i Noreg.

Denne videoen er eigentleg lagd for vidaregåande elevar, men kanskje de også skjønnar den.

Sparer til oljen tar slutt

Tanken er at dersom vi berre brukar det vi tener på aksjane vi eig rundt i verda, så vil Oljefondet vekse nesten heile tida, fordi vi får inntekter frå oljeindustrien.

No er det derimot slik at tala for kor mykje vi har i Oljefondet til ein kvar tid varierer konstant. Det er fordi 9000 selskap sjølvsagt ikkje går like bra til ein kvar tid.

Sluttanken uansett er at når vi ikkje har olje lenger, så har vi fortsatt pengar til å fortsatt ha det bra i Noreg.

Var det noko de ikkje skjønte? Berre spør oss her, så skal vi prøve å svare så godt vi kan.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!