Supernytt

Sjekk kven Gudmund (15) møtte på kostymebutikken

15 år gamle Gudmund Bjotveit er ihuga Barcelona-fan, og fekk fotballtur til Barcelona i konfirmasjonsgåve frå foreldra Kirsti og Vidar.

Førre helg skulle presangen innfriast, og far og son drog til Barcelona tidleg fredag for å sjå Barcelona spele mot Malaga laurdag.

På ettermiddagen tok karane seg ein tur utanfor sjølve sentrum og kikka litt i nokre små sidegater. På jakt etter ei mogleg gåve til veslesystera Birgit (7), hamna dei innom ein kostymebutikk.

Men er det ikkje ...?

Men det skulle syne seg at butikken romma langt meir enn det.

– Vi såg eit par som stod og snakka med butikkeigaren. Plutseleg sa pappa: Det er jo Messi!

– Vi fann ut at vi måtte spørje om å få ta eit bilete. Så vi gjekk bort, og eg prøvde på vaklande spansk å forklare. Han skjønte kva vi ville då han såg kamera, og stilte villig opp på bilete, seier Bjotveit.

Men noko særleg djup samtale med han som vert rekna som verdas beste fotballspelar vart det derimot ikkje. For Messi er ikkje veldig stødig i engelsk.

– Eg prøvde å seie at vi skulle på kamp neste dag, men det skjønte han ikkje. Meir gjorde vi ikkje. Vi gjekk rett ut og var kjempenøgde, seier Bjotveit.

Han legg ikkje skjul på at opplevinga gjorde inntrykk.

– Vi var litt i sjokk begge to. Så vi gjekk rett på hotellrommet, og då var i grunnen kvelden ferdig. Endå klokka var berre 19, ler Bjotveit.

Sjølve kampen enda ikkje like bra som møtet med fotballstjerna. Etter 11 kampar med siger, gjekk Barcelona på ein smell då dei fekk besøk av Malaga førre helg. Foto: Vidar Bjotveit

Sjølve kampen enda ikkje like bra som møtet med fotballstjerna. Etter 11 kampar med siger, gjekk Barcelona på ein smell då dei fekk besøk av Malaga førre helg.
Foto: Vidar Bjotveit

Møtet var betre enn kampen

– Det var nesten litt surrealistisk. At vi i det heile tatt skulle gå inn på den butikken, var ganske tilfeldig. Og at vi skulle treffe han, nei, det var heilt utruleg, seier Bjotveit.

10.-klassingen følte i grunnen at han hadde fått valuta for fotballturen, allereie før kampen laurdag.

– Turen ut på byen gav meir valuta enn kampen, for å seie det slik, seier Bjotveit.

For med sandensarane ringside braut Barcelona sigersrekkja si på elleve kampar med dunder og brak då dei tapte 0–1 mot Malaga.

– Messi spelte heile kampen, men var ikkje veldig god. Men turen totalt vart ei stor oppleving. Denne konfirmasjonsgåva vert ikkje fort gløymd, seier Bjotveit.

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Tone Merete Lillesvangstu.

Kva ville du spurt Messi om?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!