Supernytt

I hardtrening til ekspedisjon til Nordpolen

– Eg har trent frå to til fire dagar i veka for å bli klar til oppdraget. Det er litt keisamt å trene aleine, så eg trenar ofte med pappa. Men det blir ofte litt irriterande sidan han ikkje vil ha pausar, fortel 13 år gamle Johanne Jerijærvi.

Johanne trenar hardt for tida, for ho kan bli den yngste jenta som nokon sinne har vore på Nordpolen.

9. mars startar nemleg første del av ekspedisjonen «Oppdrag Nansen». 

Fokus på klima

Det er NRK som står bak ekspedisjonen der Johanne og tre andre norske 13-åringar skal utforske Arktis, saman med ekspedisjonsleiar Børge Ousland og programleiar Aleksander Gamme.

– Vi ynskjer å gi born eit omgrep om korleis det går med klima på jorda, og gi dei ei moglegheit til å setje seg inn og forstå eit tema dei sikkert har høyrd eller lest litt om, men ikkje har klart å setje i samanheng, fortel leiaren for prosjektet, Håvard Gulldahl. 

– Nordpolen er eitt av måla, men på vegen dit skal vi gå i fotspora til forskinga til Fridtjof Nansen. Det vert ein kombinasjon av vitskap og ekspedisjon, og borna får heile tida lære nye ting, møte nye folk og besøke nye plassar, seier Gulldahl.

Han håper at borna på denne måten skal sitte igjen med innsikt som kan påverke deira generasjon, like mykje som Nansen sin forsking gjorde då han kom tilbake frå Arktis.

Ekspedisjonen vert delt oppi to turar. Den første turen er frå 9. til 21. mars, og inkluderer tur til forskingsskipet «Lance» og merking av isbjørn. Den andre turen er frå 7. til 26. juli og då går turen til Nordpolen.

Til slutt skal deltakerane til klimakonferansen i Paris i desember.

Må førebu seg til all slags vêr

Før ekspedisjonen må både borna og dei vaksne som skal vere med på programmet førebu seg godt.

Regissør Mattias Høyem fortel at dei mellom anna må kunne setje opp telt i all slags vêr.

– Vi har trent på det sidan i sommar, og har i det siste fått prøve oss på å slå opp telt i dårleg vintervêr.

Så får vi sjå korleis det har gått når NRK Super viser det ferdige programmet vinteren 2016. I mellomtida kan du lese og sjå meir om ekspedisjonen her.

Kunne du tenkje deg å reise til Nordpolen og forske?

Deltakerane på «Oppdrag Nansen»

Deltakerane på «Oppdrag Nansen». Foto: NRK

  • Erika Gjelsvik (13) frå Stavanger. Liker å turne, teikne og å lage mat.
  • Johanne Jerijærvi (13) frå Hesseng i Kirkenes. Liker å spele fotball, turne og ta bilete av naturen.
  • Elias Damli (13) frå Bergen. Driv med turn, speiding, dykking, rollespel og forsking.
  • Johannes Breivik (12) frå Trofors utanfor Mosjøen. Liker å spele fotball, lage mat og bake, og å drive med teater.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!