Supernytt

Denne kjolen har skapt debatt på Twitter

Den skotske 21-åringen Caitlin McNeill posta eit bilete av kjolen på si Tumblr-side, men det var først då ei anna dame, Sarah Weichel, posta bilete på si side at debatten vart satt i gang.

Fleire kjendisar, som Taylor Swift og Justin Bieber, har involvert seg i debatten. Under emneknaggen #dressgate, har det kome tusenvis av tweets natt til fredag norsk tid.

Taylor Swift har twitra: "Eg forstår ikkje denne merkelege kjoledebatten, og eg føler at det er eit triks på ein eller anna måte. Eg er forvirra og redd. PS Den er heilt klart blå og svart." Foto: Skjermdump

Justin Bieber har også deltatt i twitterdebatten, og skriv: "Og til alle som spør, eg ser blå og svart." Foto: Skjermdump

Justin Bieber har også deltatt i twitterdebatten, og skriv: "Og til alle som spør, eg ser blå og svart." Foto: Skjermdump

Svaret på gåta

Mange har spekulert i grunnen til at folk ser forskjellige fargar, og alt frå konspirasjonar til kjønnsforskjellar har blitt nemnt

Det amerikanske magasinet Vice har spurt fargesyn-forskaren Jay Neitz om svaret på gåta, men på trass av 35 års erfaring klarer han ikkje å gi eit klart svar på kvifor folk ser forskjellige fargar på kjolen.

– Eg veit ikkje. Dette er eit av dei mest fascinerande fargesyn-eksempla eg har sett på lang tid.

Neitz seier til magasinet at han kjem til å lure på dette i lang tid.

– Eg kjem til å bruke resten av livet på dette spørsmålet. Eg hadde eigentleg tenkt å kurere blindheit, men no må eg vel gjere dette.

Til den amerikanske nyhendesida, Business Insider, avslører McNeill kva fargar det er på kjolen. Det var nemleg først då ho posta bilete på Facebook og Tumblr at usemja om fargane oppstod.

– Eg var i eit bryllaup der mora til bruda hadde på seg denne kjolen. Den er blå og svart.

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Jarl Nymo.

Del din mening!