Supernytt

Kva skal moskuskalvane heite?

Langedrag Naturpark i Buskerud har fått to moskuskalvar frå Moskus-senteret i Sverige.

Med lang varm ull ser dei fortsatt ut som forvaksne bamsar, og horna har enda ikkje byrja å synast.

Dei to kalvane er berre ni månadar gamle, men veg allereie godt over 100 kg.

Frå siste istid

Moskusane er ein dyreart som ikkje har forandra seg på 3,5 millionar år, og har dermed overlevd mammuten.

Den var eigentleg i Noreg til siste istid, og på Dovre har dei funne skjelett frå den tida. Dei som lev vilt på Dovre i dag vart frakta frå Grønland i 1947.

– Det er som ein smak av «urtid» når man opplev desse robuste tette kroppane på nært hold. Det er tydeleg at dei er skapt til å tåle isande kulde og stormfullt vêr, seier dagleg leiar ved Langedrag Naturpark, Tuva Thorson.

Fekk NRK-hjelp

Ho spurte NRK i Buskerud om hjelp til å namngi dei to kalvane.

– Det hadde vore hyggeleg om NRK kunne hjelpe oss å gi namn til dei to unge moskusane. Planen er at vi skal temje dei såpass at folk kan kome heilt innpå dei, og då er det fint viss dei heiter noko, seier ho.

NRK i Buskerud inviterte difor lyttarar og lesarar til å vere med å namngi desse to moskuskalvane, som er ein han og ei hoe.

Dei har også fått på plass ein entusiastisk jury som skal vurdere forslaga og offentleggjere namna måndag 2. mars.

Fristen for å sende inn forslag var i går, men kva ville du ha kalla moskusane?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!