Supernytt

Ein ekte Tarzan frå Bergen

Magnus Midtbø (26) frå Bergen har vunne NM i sportsklatring ti år på rad, er i verdstoppen og kom på fjerde plass i VM i 2011.  

Når du ser denne videoen skjønner du kvifor.

På ukonvensjonelt Tarzan-vis tek han seg fram i klatrehallen ved hjelp av turneringar, tau og takbjelkar.

Ekte lidenskap

– Eg vart utfordra av ein kompis til å gjere dette på Klatreverket i Oslo. Det første hoppet er ganske langt, og var nok det vanskeligaste. Enten lykkast ein, eller så trynar du, seier Magnus Midtbø til NRK.

– Er dette ein del av treninga?

– Dette vil kanskje ikkje hjelpe meg i så mange klatreruter, men det er viktig å tenkje nytt og gjere nye ting. Derfor utfordrar vi kvarandre heile tida. Du trenar kroppsstyrke, timing og kontroll, saier han.

Takka vere sponsorar og støtte frå Olympiatoppen er han no klatrar på heiltid. Han har dessutan vore med på fleire store filmprosjekt.

– Nokre gonger legg ein mykje tid i ein video som nesten ingen ser. Andre gonger filmar ein med telefonen, slik som her, og plutseleg sprer det seg i sosiale medium. Det er gøy å kunne inspirere andre til å trene, humrar Magnus.

Kroppsheving med éin finger

Han har ein kropp like muskuløs og steinhard som fjella han klatrar opp. Ved hjelp av muskelkraft, smidigheit og teknikk tek den 26 år gamle superklatraren seg fram dei villaste plassane, og får det umoglege til å sjå lett ut.

Etter at han prøvde klatring for først gong for 15 år sidan, har sporten blitt hans største interesse og lidenskap, fortel Midtbø på heimesida si.

NRK har tidlegare fortalt om Magnus Midtbø si ekstremtrening i førekant av klatre-VM, der han tek kroppshevingar med éin finger.

I verdstoppen

Sidan han vann NM for første gang som 16-åring i 2005, har han aldri gitt frå seg tittelen. No er det større mål som gjeld.

– For første gang skal Noreg og Skandinavia arrangere World Cup. Det skjer i Sørmarka Arena i Stavanger i august. Det blir stort å konkurrere på heimebane, og eg sett det høgare enn EM i Chamonix i juli, seier klatraren.

I vinter har han brukt mykje tid på utandørs treningsleir i Spania. Reiseplanen utover året ser slik ut: Kina, Sør-Korea, Frankrike, Belgia, Østerrike og Slovenia.

Tidlegare har han vunne nordisk meisterskap sju gonger, og var dessutan juniorverdsmeister.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Eivind Pettersen.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!