Supernytt

Fekk reise på skuletur likevel

I dag tidleg vart det klart at 10. klassingane ved Sjøholt skule får flyge til Italia, på trass av Norwegian-streiken.

Elevane hadde brukt to år og mange timar med dugnad for å spare opp 200.000 kroner til turen. Hotell og utflukter var allereie betalt, og risikerte å tape 100.000 kroner dersom turen vart avlyst.

I går kveld sette elevane seg på bussen frå Sunnmøre til Oslo, og tok sjansen på at dei kunne få fly på morgonen i dag. Dermed var det ein veldig letta gjeng som fekk beskjed på Gardermoen om at det vart leigd inn fly, slik at dei kjem seg på klasseturen.

– No er vi glade, men trøytte, seier lærar Audun Rørstad, som satt saman med elevane og venta på flyet i dag tidleg.

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Ivar Lid Riise.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!