Supernytt

Anette (17) er historisk verdsmeister

17 år gamle Anette Børve Hernes vart var historias første juniorverdsmeister i sledehundekøyring på langdistanse, då ho passerte målstreken på søndag.

– Det er heilt fantastisk ubeskriveleg, smilte den nybakte verdsmeisteren.

Ho var ein suveren vinnar som hadde leia gjennom alle dei 205 kilometerane løpet er, på trass av tett løp.

Hard konkurranse

Berre eitt minutt etter at Anette kom i mål, kom Hanna Lyrek inn.

– Det var veldig stressande, eg visste aldri om ho kom til å ta meg igjen for ho kom nærare og nærare, så det var ekstremt tungt opp dei siste bakkane.

Hanna Lyrek var ikkje den einaste som låg tett innpå, i løpet av berre 30 minutt hadde alle dei fem første køyrarane kome i mål.

– Konkurranseinstinktet slår veldig hardt inn då, så då vert eg veldig bestemt på å ikkje kvile. Eg bestemte meg berre for å jobbe hundre prosent. 

Ingen nybegynnar

Konkurranseinstinktet har kome godt med tidlegare, for sjølv om Anette berre er 17 år har ho meir enn nok erfaring bak sleden.

I fjor vart ho noregsmeister i juniorklassen då ho vann Femundløpet.

Årets historiske seier skal ho feire med å lage god mat med faren sin.

Denne artikkelen er henta frå nrk.no, og er skriven av Stian Strøm og Astrid Krogh?

Korleis ville du ha feira ein historisk seier?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!