Supernytt

Ingen rekord for Ødegaard

Martin Ødegaard (16) blir ikkje tidenes yngste spelar i meisterligaen i fotball.

På pressekonferansen på måndag, fortalte Real-trenar Carlo Ancelotti at Martin ikkje har fått plass i Real Madrid-troppen mot Schalke.

– Han spelar bra med reservane, men eg kan ikkje seie noko om kor langt unna han er å debutere. Han er ein god spelar, la Ancelotti til.

Real Madrid leiar 2-0 etter bortekampen. Spekulasjonane rundt Ødegaard og ein mogleg debut mot Schalke i dag har gått lenge.

Fleire ekspertar meinte at Real ville gi han sjansen, mellom anna for å sende eit nytt stikk til erkerival Barcelona.

A-laget har slitt litt i det siste, og Barcelona tok over tabelltoppen etter at Real Madrid tapte ein kamp sist helg.

Celestine Babayaro har rekorden som yngste spelar i meisterligaen. Han var 16 år og 87 dagar gamal i 1994 då han spelte for Anderlecht mot Steaua Bucuresti.

For Ødegaard blir truleg neste oppgåve ein kamp for Real Madrid sitt B-lag Castilla no på søndag. Den vert spelt på bortebane mot Huesca.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!