Supernytt

Klassevenninner gjekk i tog for Farida

Støttegruppa for Farida klarte ikkje å feire 17. mai utan å markere kampen for å få ho tilbake til Noreg og Dokka.

Ni jenter sto og venta spent på at Folketoget på Dokka i Nordre Land skulle starte.

Medan dei andre borna samla seg bak fanen til idrettslaget eller kulturskulen sin, hadde desse jentene ein litt spesiell plakat framfor seg.

På plakaten sto det #gi oss Farida tilbake.

- Eg vil at Farida skal kome tilbake, difor vil eg gjere noko for ho i dag, sa Kristine som gjekk i klassa til Farida.

Thea Kristine og Kristine seier dei ikkje skjønnar kvifor Farida ikkje får bu på Dokka. Foto: Elin Fossum / NRK

Thea Kristine og Kristine seier dei ikkje skjønnar kvifor Farida ikkje får bu på Dokka. (Foto: Elin Fossum / NRK)

Sendt tilbake til Afghanistan

 

Det var i februar Farida og familien hennar vart henta på Dokka og tvangsutsendt til Afghanistan.

Då hadde ho og mora Noorya budd i Noreg i tre år og seks månadar. Faren hennar, Hafiz, har også budd her i Noreg, men kom seinare enn Farida og mora.

Medan familien har vore i Noreg har dei vore busett på Dokka i Oppland.

Dei som tok seg av asylsøknaden til familien trudde ikkje på grunnane for søknaden deira, og avslo derfor søknaden.

Då dei vart tvangsutsendt skapte det sterke kjensler og eit stort engasjement blant lokalmiljøet på Dokka.

- Farida har det ikkje bra i Kabul. Ho bør kome tilbake til oss, sa klassevenninna Thea Kristina, som la til at ho tenkjer mykje på Farida.

Dei som styrer i Afghanistan skal ha sagt at det ikkje er trygt for familien i Afghanistan, og at dei må få lov til å kome tilbake til Noreg. Dei meiner at Noreg må slutte å sende flyktningar tilbake dit inntil ein ny avtale mellom Noreg og Afghanistan er på plass.

Vil ikkje at folk skal gløyme

 

Fleire støttespelarar var samla i går for å gå i 17. mai tog for Farida.

Britt Karin Rotmo er nestleiar i støttegruppa, ho syns det var ei fin oppleving å gå i toget samtidig som ho markerte kampen for å få Farida tilbake til Dokka.

- Dette er inga politisk markering. Vi gjer dette for at folk ikkje skal gløyme, sa Rotma.

Brit Karin Rotmo og dei andre i støttegruppa syns det var ei fin oppleving å gå i 17. maitoget for Farida.

Brit Karin Rotmo og dei andre i støttegruppa syns det var ei fin oppleving å gå i 17. mai-toget for Farida. (Foto: Elin Fossum / NRK)

Pregar heile kommunen

 

Leiar i aksjonsgruppa, Merethe Engen Enerstvedt, syns ein skal vere forsiktig med å markere politiske synspunkt på nasjonaldagen.

- Men dette er ei mild og snill markering. Dessutan er dette ein sak som pregar heile kommunen og alle som bur her, sa ho.

- Farida skulle ha vore her, ho har ein plass i toget. Ho burde ikkje sitje i Kabul og ha det vondt. Ho skulle ha vore her og feira saman med oss, sa Enerstvedt.

Farida i 17. mai-toget på Dokka i 2014. (Foto: Britt Karin Rotmo)

Farida i 17. mai-toget på Dokka i 2014. (Foto: Britt Karin Rotmo)

Denne saka er henta frå nrk.no, og er skriven av Elin Fossum.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!