Supernytt
No har innbyggjarane i dei ulike kommunane talt. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Stemmene er talde

Resultata frå årets kommuneval er klårt og det går mot eit skifte i fleire av storbyane våre.

I morgontimane i dag vart dei siste stemmene telde. 428 kommunar har talt.

Jamt over har Høgre og Framstegspartiet fått færre stemmer enn ved førre kommuneval. Dei store vinnarane i år er Arbeiderpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne.

Sjekk resultatet i din kommune her.

Sjølv om stemmene no er talde, er det ikkje klårt i alle kommunar kven som blir sjef. Vanlegvis er det dei som har fleirtal som får bestemma. Men på same måte som Høgre og Framstegspartiet bestemte seg for å samarbeide for å få fleirtal på Stortinget, kan ulike parti òg samarbeide om fleirtal i kommunestyret.

No må politikarane i kommunen snakke saman og bli samde om kven som skal bestemme.

 

Les korleis det gjekk med dei ulike partia:

Arbeiderpartiet

Høgre

Senterpartiet

Framstegspartiet

Venstre

Miljøpartiet Dei Grøne

Rødt

Sosialistisk Venstreparti

Kristleg Folkeparti

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!