Supernytt

2015 kan bli det varmaste året nokon sinne

Forskarar trur noko av grunnen er måten me lever på.

Dei som jobbar med ver seier 2015 ligg an til å bli det varmaste året i verdshistoria, og at 2016 kan bli endå varmare.

- Ein av grunnane til at jorda har blitt varmare er at me menneske forureinar mykje og brukar for mykje olje, kol og gass, seier Arnstein Vestre i Natur og Ungdom.

Det som skjer er at all forureininga blir liggande som ei dyne rundt jorda. Då blir det varmare her på jorda, noko som gjer at veret blir meir ekstremt, forklarar han.

 

For eksempel kan ein sjå at mykje regn skapar flom og jordskred og om det blir veldig varmt og tørt kan det bli skogbrann.

Men dette kan snu om me forandrar måten me lever på, trur mange forskarar.

– Kan redde jorda om me lever annleis

Dei trur at om me forureiner mindre, kan klimaet betrast. Ting du kan gjere er, for eksempel:

– Å resirkulere drikkekartongar, plast, papir og glas og metal.

– Skru av lyset når du går ut av eit rom.

– Ta sykkelen i staden for at foreldrene dine køyrer deg på aktivitetar.

– Ete mindre kjøtt.

Men kanskje det viktigaste du kan gjere er å kreve at dei vaksne skal gjere noko. For det er dei som har det største ansvaret.

 

Kva gjer du som er bra for miljøet?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!