Supernytt
Mange hundre har sagt dei vil bli Atlas sine nye eigarar. Foto: Scottish SPCA

Mange vil ha kjempekaninen Atlas

Tidlegare denne veka var Atlas utan heim - no vil folk frå heile verda ha den belgiske kjempekaninen.

Grunnen er at nokre dyrevernarar i Skottland etterlyste nokon som kunne ta vare på Atlas.

Den sju månadar gamle kaninen vart for stor for dei tidlegare eigarane hans, som spurte dyrevernarar i Skottland om dei kunne finna nye eigarar han, skriv VG.

Atlas veg no 5,8 kg - men er langt ifrå ferdig utvaksen. Ein vaksen belgisk kanin kan verta opp til 1,2 meter lang og 20 kg tung.

Eitt døgn etter at dyrevernarane la ut eit førespurnad om nye eigarar til Atlas, hadde  fleire hundre personar frå heile verda teke kontakt og sagt at dei vil ta vare på Atlas.

Sjølv om dyrevernarane seier dei er glade for alle som har teke kontakt, vil dei prøva å gje Atlas ein heim i Skottland.

Det er fordi det ikkje er heilt bra for kaninen å bli flytta til eit anna land.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!