Supernytt
Folk brukar fjellet meir enn før seier Røde Kors. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Nye fjellvettreglar

I går presenterte Røde Kors og Den Norske Turistforening nye fjellvettreglar. Dei meinte at dei gamle ikkje var gode nok.

Snøskred er i dag den største trugselen i fjellet, men dei gamle fjellvettreglane seier ingenting om skredfare.

Det syns Røde Kors og DNT er dumt.

Dei opprinnelege fjellvettreglane vart innført i 1967, etter ei rekkje ulukker i påska sama år. Røde Kors og DNT ville unngå ulukker i framtida og laga difor ei liste over tips til kva ein skal tenkje på når ein går i fjellet.

I går vart desse altså fornya.

Dei nye reglane seier at ein må vera obs på skredvarsel og at ein bør ha med seg riktig utstyr.

Røde Kors seier at fleire og fleire brukar fjellet og at nordmenn søkjer spenning i fjellsider og laussnø. Difor er det viktig at òg skredfare vert nemt i fjellvettreglane.

Kva fjellvettreglar syns du er viktigast?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Nye fjellvettreglar

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går

2. Tilpass turen

3. Ta omsyn til vèr og skredvarsel

4. Ver førebudd på uvær og kulde, sjølv på korte turar

5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpa deg sjølv og andre

6. Ta trygge vegval, kjenn att skredfarleg terreng

7. Bruk kart og kompass

8. Vend i tide – det er ingen skam å snu.

9. Spar på kreftene, og søk ly om nødvendig.

Del din mening!