Supernytt
(Foto: NTB Scanpix)

Nokon norske 12-åringar drikk alkohol

Ny forskning viser at kvar tiande norske gut på 12 år har drukke alkohol minst ein gong den siste månaden. Tre prosent av gutane svarer at dei har vore fulle.

- Funna bør vekka bekymring, seier forskar Mari-Anne Sørlie som har vore med på å studera drikking blant sjuandeklassingar.

3710 elevar frå heile landet deltok i studien, og  Sørlie meiner funna deira er interessante fordi dei  veit svært lite om drikking blant unge -  både kor mange som drikk, kor mykje dei drikk og kva som gjer at dei byrjar så tidleg.

- Alkoholstudier av så unge er sjeldan vare. I Norge er det så vidt me veit kun vore publiert ein studie kor alkoholbruk blant unge under 15 år har vore tema, seier Sørlie.

Forskaren meiner det er grunn til bekymring at det finst unge i denne aldersgruppa som smaker alkohol, og at nokon til og med drikk seg fulle.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!