Supernytt
Den amerikanske påskeharen er ei moderne utgåve av den gamle tyske påskeharen. Foto: Jack Sauer/ NTB scanpix

Kvar kjem påskeharen frå?

Påsken betyr for mange av oss kvikk lunsj, hyttekos og langrenn. Men frå gamalt av er det fleire ting som symboliserer påske.

Me ser det att i påskepynten; kaniner, egg og kyllingar.

Men kva har dette eigentleg med påske å gjera?

Påskehare

Påskeharen er ein gamal tradisjon som tyskarane tok med seg til USA. Haren skal symbolisera fruktbarheit.

I dag er påskeharen eit fast innslag rundt påske i USA, Storbritannia og Tyskland.

I desse landa leitar born og vaksne etter påskeegget som påskeharen har gøymt. Òg her i Noreg har nokre familiar tatt i bruk den gamle, tyske tradisjonen.

Påskeegg

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ein tenkjer ofte at påskeharen og påskeegget høyrer saman. Men tradisjonen om å pynta egg i påska går heilt tilbake til det gamle Egypt.

Egg symboliserer nytt liv.

Påskekylling

Kyllingen er eit teikn på nytt liv. Kylling som bryt ut av egget vert brukt som eit symbol på Jesus braut ut av grava.

Det er for det meste me i Norden som brukar kyllingar som eit symbol på påske. I Sør-Europa og USA er det påskeharen og kaniner som er mest brukt.

"Gåsungar"

Foto: Linda Haugvaldstad/NTB scanpix

Det er vanleg å pynta med "gåsungar" her i Noreg.

Eigentleg skal dette vera palmegreiner - som vart brukt for å ønska Jesus velkommen då han kom til Jerusalem.

Palmegreiner er symbolet på siger og blir mykje brukt rundt påske i land rundt Middelhavet.

Grunna me ikkje har palmegreiner her i Noreg, har me tatt i bruk "gåsungar".

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!