Supernytt

Her er det ingen som vippar på stolen!

Det er ikkje alltid så lett å sitja stilt på stolen sin ein heil skuledag. Det slepp desse elevane å bekymra seg for.

På Bjerkreim skule i Rogaland har alle elevane frå 5.-7. klasse fått gymballar å sitja på, i staden for vanleg stol.

I starten fekk mange litt gangsperr, men nå meiner både elevar og lærarar at dei har blitt strerkare og har fått god balanse av å sitja på ball.

Og når elevane fortener ei lita belønning eller ein pause, så kan ballen brukast til andre ting enn å bli seten på. Sjekk videoen!

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!